Håndballcup Skiskole

Invitasjon

Sommarlandfestivalen 21.-23.juni 

I 2019 arrangerar vi vår 29.festival og inviterer til Sommarlandfestivalen helga 21.-23.juni. Sommarlandfestivalen ønskjer vere ein møteplass for ulike musikkaktivitetar retta mot barn og ungdom. Du er velkommen til vår festival med laget ditt enten du spelar i korps, syng i kor, spelar i strykeorkester, band, spelemannslag eller i eit ensemble i kulturskulen. Vår festival gjev deg høve til å oppleve både den musikkmønstringa ein musikkfestival skal vere og Bø Sommarland med sine varierte aktivitetar og tilbod. Bø sommarland er eit svært populært reisemål med vannland, magasuget, berg og dalbane i vatn, den populære surfebølga samt ein mengde andre aktivitetstilbod. 

Sommarlandfestivalen kan by på:

-Marsjering i Bø sentrum fredag

-Opning av festivalen med fellesnummer 

-Speleoppdrag i Sommarland laurdag og søndag

-Foajékonsert i Gullbring kulturanlegg

-Speleoppdrag i Bø sentrum

-Korseminar

-Kyrkjekonsert i Bø kyrkje

-Spele på underhaldningskonsert i Gullbring laurdags kvelden

-Underhaldning i Gullbring laurdags kvelden

-Speling på gudsteneste i Bø kyrkje

-Drillworkshop i Sommarland søndag

-Speleoppdrag på Bø sjukeheim 

-Avslutningsmarsjering i Sommarland søndag

Sommarlandfestivalen

21.-23.juni 2019

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.