Håndballcup Skiskole

Laurdag

Konsertoppdrag i Sommarland: Uformelle konsertar på ulike arenaer i parken.

Foajékonsert: Konsert i Gullbring kulturanlegg på føremiddagen.

Konsertoppdrag i Bø sentrum: Utekonsert ved Sønstebøtunet på føremiddagen.

Korseminar: Kordeltakarane samlast til eit stort felleskor. 3-4 fellesnummer øvast inn. Framføring på underhaldningskonserten laurdags kvelden i Gullbring. Korseminaret blir med på underhaldningskonserten laurdag kveld. 

Gehørseminar for blåsarar og slagverkarar:Tre timar gehørseminar. Seminaret er for blåsarar og slagverkarar. Framføring på konserten laurdags kvelden i Gullbring. Begrensa plassar, først til mølla! Maks 5 deltakarar frå kvart lag.

Kyrkjekonsert i Bø kyrkje: Konsertinnslaga må passe inn i kyrkjerommet, dette er dirigent/ musikalsk leiar sitt ansvar.

Diskotek og kinoforestillingar: Laurdag kveld blir det diskotek og kinoførestillingar i Gullbring.

Underhaldningskonsert: Laurdag kveld i Gullbring. Arrangørane vil legge vekt på å setje saman ein allsidig konsert som viser både bredde og kvaliteten i vår musikkfestival. Både lag, ensemble og solistar kan delta.

Arrangørane vil så langt det er mogleg gje alle laga minimum 2 speleoppdrag under festivalen i tillegg til paradane. Påmelde lag vil tidleg på våren få melding om kva speleoppdrag dei er tildelt

Sommarlandfestivalen

16.-18.juni 2017

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.